TAKK TIL MÅLFRID

Takk Målfrid! For å alltid kommentere på innlegga mine. Det varmar og det gir meg lysta til å blogge. Savner deg bigtime. 



Chill kveld

Dagane har blitt kaldare og eg sitter her forkjøla og nyter torsdagskvelden med ansiktsmaske, hund, nytt skjerf og ei skål med is. Har nettopp spist deilig middag. Eg setter pris på at verstmora mi lager skikkelig middag og ikkje berre junkfood. 

Ingen lekser ikveld, hurra! Dokke som er i Norge og klager på lekser eller prøvepugging annakvar dag eller enda sjeldenare KAN GÅ Å LEGGE DOKKE. Eg sliter meg sjølv igjennom meiningslause lekser, innleveringer og prøver kvar einaste dag og helg nesten. Neida, det er ikkje gale, men det er masse. Skule er lett her, men det er større mengder arbeid enn i Norge. Eg setter pris på at alle prøvene så langt har vert multiple-choice-prøver da. Eg slacker'n igjennom skuleåret med gode karakterar - ja, der har du meg! A og B i alle fag, hurra la oss lage fest. 


Black Friday at Topanga Mall

Om du ikkje veit ka Black Friday er, så er det den største salgdagen i USA igjennom heile året. Det opner klokka tolv om natta og er åpent heilt til 10 neste morning. Folk står da i kø for å komme inn overalt for å få dei billigaste tinga når klokka slår tolv og dei opner dørene. Eg drog på Topanga Mall med vertsbror, vertssøster og venninda hennar, og eg har aldri sett så mange kjøpeglade jenter i heile mitt liv. Folk står i kø i timesvis berre for en "god deal" som egentlig ikkje er så fantasisk i det store og dei heile. Salg er salg. 

Når klokka blei tolv så var eg og Sean i oppeetasjen oppafor Victoria Secret, og plutselig så hørte eg masse bråk nede. Hundrevis av jenter skreik og spurta inn i butikken. Vi gikk ned dit etterpå når det hadde roa seg litt, men alikevel slynga køen seg rundt i butikken fleire ganger og det var berre et einaste stort kaos, OG null aircondition som gjor det enda verre. 

Enda verre enn Victoria Secret var Brandy Melville som er den nye store klesbutikken i USA som "alle" tenåringsjentene elsker. Ei venninde av meg sto i kø i ÅTTE (!!!) tima! Køa gikk sikkert 500 meter eller meir uttafor butikken nedover kjøpesenteret. Eg skjønner ikkje at folk gidder å stå der så lenge berre for littttt salg, herre jesus. I AIN'T GOT TIME FOR DAT

Detta er et blogginnlegg eller noke fra ei anna nettside for å beskrive galskapen på Brandy Melville.

Six Flags

Wow, for en bra fornøyelsespark! Alle berg og dal banene er verdt å prøve, og det var ikkje stappfullt der så vi kom fort inn i dei fleste banene. Eg har alltid hørt at Six Flags er en kjempegøy park å oppleve, og endelig fikk eg dratt dit. Eg kjøpte dagspass men det var inkludert årspass i den biletten så no har eg årspass, ikkje galeee. Det blir garantert fleire turar.








Universal Studios

Eg var i Universal Studios på onsdag. Det er thanksgiving veke, så vi har hatt fri heile veka, hurra.

Den gamle vertsfamilien min hadde gratisbilett til meg til Universal så eg blei selfølgelig med. Kjempehyggelig at dei har lyst å ha meg med. Eg ser fortsatt på dei som vertsfamilien min. Eg har blitt veldig glad i den familien eg har no og, så eg kan vel sei eg har to gode familiar her som eg kan stole på og som eg føler meg heime hos. 

Dei har dekorert parken med juledekorasjonar, noke som var utrulig koslig. Det blir fort mørkt om kvelden her og, så om kvelden lyste alt opp. Eg hadde det kjempekjekt sjølv om eg foretrekker berg- og dalbaner istedenfor simulatorar. Vi hadde lite kø og, noke som gjer det enda kjekkare. Da eg var der i sommer med familien, var det evig lange køer. Alt i alt var det en koslig dag med den gamle vertsfamilien.

Det er rart å tenke på at eg berre kan spontant reise til Universal Studios. Eller til Hollywood for den saks skyld. Eg var på "fieldtrip" med filmklassen min til Hollywood her om dagen. Er ganske uvirkelig egentlig. I morra skal eg til Six Flags. 


Min tredje vertsfamilie!

Hei!

Siden sist har eg bytta vertsfamilie tre ganger. Det har vert ganske travelt og frustrerande, men no er eg heldigvis plassert i en familie eg er kjempefornøgd med. Ok, lang historie...

Familie 1
Familie 1 henta meg på flyplassen og eg budde ilag med dei i en og en halv måned. Dei er utrulig kjekke, men transporten fram og tilbake fra skulen og vennebesøk var ikkje veldig god. Bussruta var utrulig lang (kollektiv transport i LA er ikkje særlig god i forhold til Norge), venting og mange arrangement eg måtte droppe pågrunn av mangel på transport. Derfor bytta eg. Eg har masse kontakt med dei enda, og dei er god støtte om eg trenger hjelp og råd. 

Familie 2
Perfekt plassert, 10 minutt å gå fra skulen og venner i området. Når eg kom hit virka det som en god plass å bu med kjekke vertsforeldre. Rommet mitt var bak ei bokhylle - litt sketchy men ok litt kult og - og huset var fint. Vertsforeldra var afroamerikanere og ikkje gift. Vertsmora var veldig stille og vertsfaren var veldig dominant. Han var sur heile tida og hadde alltid det siste ordet i en diskusjon med kjæresten. Dei krangla og skreik til kvarandre masse. Eg følte meg ikkje velkommen og ikkje komfortabel der i det heile tatt og eg grein masse og savna familien min i Norge ufattelig massse. En kveld så hadde dei en stor krangel og plutselig forsvant begge to fra huset. Det var like før eg trudde han skulle slå ho, og begge var vekke. Eg visste ikkje ka eg skulle tru, så eg ringte til kordinatoren min og dei ba meg pakke alle tinga mine. 15 minutt etter kom dei og henta meg. Denna familien var ganske loco, så eg er glad eg ikkje bur der meir. Eg var der berre i ei veke. Det var en familie som fant meg på craigslist, og dei hadde folk som kom inn og ut av huset heile tida. Det skulle komme et tysk band like etter eg drog, og det var et rom ved sida av mitt som blei leigd ut til folk heile tida. Det var til og med en norsk mann som var på visning.

Overnatting 1
Etter episoden med "Familie 2" hadde dei ingen familie samme kvelden så eg sov på sofaen til kordinatoren min. Hyggelig dame, så eg hadde det greit. 

Overnatting 2
Dagen etter budde eg hos foreldra til Managaren i organisasjonen min. Veldig hyggelige, og dei har tatt inn fleire utvekslingsstudenta som trenger en plass å bu for en liten periode. 

Familie 1
Siden eg hadde god kontakt med den første vertsfamilien min så ordna det seg sånn at eg fikk komme tilbake til dei som en midlertidlig familie. Dei hadde fått inn en anna utvekslingsstudent allerede fordi han trengte en plass å bu, så eg fikk låne rommet til vertsbror. Det var tilbake til en vanskelig transport, men det var bedre enn ingenting. Eg har blitt veldig glad i denna familien, så vi ordna transporten så godt vi kunne. Eg budde her i to veker før dei fant en anna familie igjen. Eg setter utrulig stor pris på at "Familie 1" kunne ta meg inn, og eg følte meg veldig velkommen og trygg. Så sa vi ha det for andre gang og så flytta eg igjen. 

Familie 3
Eg flytta hit for tre veker sida, og sida eg kom hit har det berre vert bra. Vertsforeldra er veldig greie og vertssøster er hyggelig. Det er 10 minutt å gå fra skulen, og eg har venner i området. Det er mykje meir enkelt og eg veit eg kjeme til å bu her resten av året. Eg bur sammen med en brasiliansk utveksling student, og det er heilt OK. Ho er veldig annerledes enn meg, men det får gå. Det funker, og eg har ingenplana om å flytte familie enda en gang. 

Dei vekene eg flytta var veldig tunge. Det å vere på flyttefot er veldig slitsomt. Å pakke ut og inn av kofferten min heile tida har vert stress. Eg savna alt i Norge heilt vilt, og med "Familie 2" hadde eg mest lyst å reise heim på flekken. Eg trur eg har lært å bli enda meir sjølvstendig og ikkje redd for å sei ifra. No er det i alle fall bra. 


/Halloween er akkurat over her/

Ikkje motivert

Oj, så lenge sida eg har blogga! Eg skal prøve å skjerpe meg. Det er berre veldig masse som skjer kvaar einaste dag med skule, trening og alt det som kommer med. Eg skal komme med et innlegg der eg skriver om ka som har skjedd sidan sist. Det er utrulig masse. Blir eit langt innlegg! 

Eg skal prøve å bli flinkare til å komme med små oppdateringar eller i allefall to ganger per veke. Det er jo kjekt for meg å sjå tilbake på når eg reiser heim igjen!




DODGER'S GAME!

Eg var på baseballkamp på fredag. Eg har vert på baseballkamp før denna sommeren, men det var kult alikevel. Det var til og med noken som blei fridd til på sånn storskjerm! Akuratt dét er sånn som på film. Det var veldig gøy, og det var sjukt mange folk der.

Ellers går alt veldig bra her. Har snart vert her i en måned... wooooh, tida går sjukt fort. Men samtidig seint. If that makes any sense. 




VOLLEYBALL TRYOUTS

Eg var på volleyballtryout på onsdag og det gikk veldig bra. Det var kanskje 50 jenter der og treneren brukte liksom en time på å sette opp lista av folk som var der. 40 eller noke av dei som var der hadde aldri vert borti volleyball før så eg skjønner ikkje koffor dei var der, og dei tok berre ut 4 jenter av oss siden dei allerede hadde lag. 

Uansett så var det berre basic øvelsa. Eg kom med på laget som JV/V som betyr at eg kunne bli både 1.laget og 2. laget, dei hadde ikkje bestemt seg enda. Men greia er at eg har droppa ut. Eg kom på treninga deira igår og eg merka med en gang at detta var veldig strengt og bindande. Dei trener 3 og en halv time kvar dag i veka, og dei har turneringer ofte i helgene. For meg, som er her berre et år, er det litt dumt. Eg har allerede snakka med folk som vil ta meg med på forskjellige ting og hendelsa, og det er liksom kjempestrengt med treningane sånn at man kan ikkje droppe trening uten at det er en drøy god grunn. Siden det er no på begynnelsen av året at man blir kjendt med folk og sånt, ville eg ikkje bruke heile veka på å trene i tillegg til at det er masse lekser her kvar dag. Eg snakka med mange forskjellige igår om ka eg skulle velge fordi eg var sjukt usikker på ka eg ville gjere. 

Så no har eg sett at eg er god nok til å bli med på laget, men eg fant ut at eg faktisk ikkje har lyst til det alikevel. Eg trur det er detta som er best for meg, retten og sletten! 


- Peace out and hang out with friends!

P.E

Eg har hatt P.E som fag her nede (har bytta no da, så det er fint) og eg lover dokke... det er annerledes enn i Norge.

Først gikk eg til skulebutikken og kjøpte gymkle for 22 dollar. Det er fordi alle må bruke dei samme kleda som består av stygge, lange shortsa og heilt greie t-skjorter. Når vi kom inn i gymsalen så var det sikkert 100 kids der som satt på golvet i forskjellige grupper på rekke og rad og eg måtte sette meg ned i samme mønsteret. Så kommer den strenge læreren inn og ber oss om å gjere pushups og sitsups og sånt heilt synkronisert på dei samme plassane vi har sitte før. Så jogger ei og ei linje ut døra og ut på footballbana der vi selfølgelig blir møtt med 30 grader og steikesol klokka åtte om morningen. Vi brukte heile timen på å springe og å gjere pushups, og så var det rett inn å skifte på 10 min og vere på plass til neste time. Dei har ikkje dusja og ingen har tid til det uansett, så det er litt nasty siden det er 1. time og vi har resten av dagen foran oss. 

Uansett... eg har bytta gym med noke anna så eg trenger ikkje å ha det meir. Litt waste med tanke på at eg måtte kjøpe gymkleda og sånn, men dei er sikkert kule å ha i Norge... eller nei, sikkert ikkje. 
Eg tok et snikbilde fra en anna gymtime som ser relativt chill ut, men dokke ser kleda.

CALIFORNIA CHILLE DAG

Vertssøskena mine har enda ikkje komt heim fra faren sin, men dei kjeme seinare. Idag sto eg opp ... IGJEN... klokka sju. Eg fikk skypa med Guro og Åse-Linn noke som var veldig gøy, og no ligger eg ute i hagen. Familien min har basseng så det måtte jo selfølgelig prøvast ut. 

Sola er sjukt varm her. Eg såg på solkremane til familien her, og eg tenkte berre "hæ bruker dei seriøst berre 30 og 50 her?" så eg gikk først ut i sola uten noke som helst fordi eg ville blir brun saaant. For å sei det sånn så sprang eg inn igjen 15 min etterpå og tok på 50! Hell to the no om eg skal gå som en rød tomat på skulen i morra!
Apropos skulen.. have fun alle dokke som begynner i morra i Norge. 

KIRKE ER AWESOME

Idag våkna eg klokka åtte (!) og siden eg ikkje har noke anna å gjere så gjor eg lekser... vi har lekse i alle fag kinda i helga, og på mandag skal eg ha psykologitest, omigad. ANYWAYS, etter det drog eg på country club'en som familien min er medlem av. Det var skikkelig fint med golfbaner, tennisbaner, basseng og sånt. Dei hadde til og med en kjempestor fontene på golfbana. Fiiint! Der trente eg iaffal i to tima før vi drog heim for å chile. 

Etter detta skulle vi i kirka. Vanligvis så er kirka veldig kjedlig, og eg tenkte berre at det var stress å gå dit på en LØRDAG ettermiddag. Når eg kom dit så forandra eg meining med én gang! Seriøst, dokke oppleve ei amerikansk kirke som denna. Den heiter Shepherd Of The Hills, dei har en kjendisprest og det er utrulig mange folk som deltar. Først såg eg vertsmora mi delta i et barneshow som varte i en time. Det var veldig bra og dei sang og hadde et skikkelig bra opplegg. Uttafor fikk alle gratis nachos og soft-is... liksom KASS KIRKE ER DETTA?
Vertsmora mi viste meg rundt der, og dei har masse forskjellig. En svææææær sal der gudstjenesta var, en anna sal for dei som ikkje fikk plass i den forrige salen (med flatskjerma så dei kan følge med), to gudstjenester på lørdag, fire gudstjenester på søndag, "high school"avdeling der alle ungdommane har gudstjeneste, tv-sending av gudstjenestane, gavebutikk, eget "tog" som kjørte dei som hadde parkeringsplass langt vekke fram til kirka, barneavdeling, informasjonsdisk og eget security. Picture that, peoppple! 

Vi fikk meg med i ungdomsklubben der dei har sin egen gudstjeneste med band og alt mulig. Alle guttane der var sjukt kjekke, så passer meg midt i blinken. (hihi, mamma). Så gikk vi inn i gudtjenesta der det var masse folk. Nesten som en konsert, lol. Og så begynte vi å synge og folk gikk heilt crazy og ropte "AMEN" heile tida og holdt henda i været. Så var det faren til kjendispresten som hold preike, og den var veldig bra. Dei snakka om prostitusjon og hadde masse gøye vitsa og alt mulig. Det var berre veldig gøy og annerledes! 

No chiller eg med kinesisk mat og ser på tv. Peace out!

FØRSTE SKULEDAG OG MØTT EN "KJENDIS"

Reiste fra bergen 06.45 med matchande bag og koffert (litt kleint) og kom fram til LA rundt ett om dagen etter 14 tima med fly, mens hodet mitt var instilt på norsk tid. Sovna tidlig den kvelden for å sei det sånn! Familien er kjempehyggelige, og eg føler eg har kjendt dei for alltid. Vertssøstra mi, Molly, er veldig grei og det er aldri kleint eller noke som helst. Eg kunne ikkje hatt en bedre familie, virkelig. Huset er kjempekoselig, og rommet mitt er ganske stort. Eg har rommet mitt aleine foreløbig, siden den tyske utvekslingsstudenten ikkje kjeme før i januar. Men det er greit for meg!

Eg har på en måte komt rett inn i dagliglivet, men det er egentlig like greit. Eg begynte på skulen idag. Som sagt så er eg jetlagged, så eg sto med glede opp klokka seks! Vi skulle kjøre til skulen rundt sju uansett, så det er noke eg må fortsette med kvar dag. Uansetttt... skulen var veldig gøy! Eg gidde ikkje å legge ut timeplanen min sånn som alle andre for ingen leser den uansett. 

Først vil eg sei at eg skal vere SENIOR, thank god. Det er liksom den ultimate skuleopplevelsen her føler eg. Eg får graduate, senior prom, gradnight og sånt!
Lærerane er kule, chill, spør masse om norge og faga er forsåvidt greie å følge med i og. Eg grua meg egentlig litt, men det gikk supert. Dei første timane før lunsj kjente eg ingen og liksom berre gikk der og såg uviten ut blandt dei 3700 elevane (ja, det er enda fleire enn 3500), men så fikk eg en venn! Timen før lunsj er engelsk og der fikk eg kontakt med en gutt som heite Marcos som hang med meg i lunsjen, heldigvis! Eg vil ikkje sitte aleine i lunsj. Til lunsj fikk eg btw kjøpt en ceacar salat, et eple og ei flaske vatn for 4 dollar. Det er 24 kroner, og eg kunne ikkje ete opp heile salaten engang. Og jepp, eg prøver å vere sunn å styre unna hamburgerane og pommes frites'a som dei selger her og for en billig penge. Før skulen idag så spurte vertssøstra mi om "kass chips eg ville ha med meg til lunsj" og eg berre "hæææ, chips til lunsj?" og så sa ho " jaaa, alle eter chips til lunsj" og viste meg en pose med forskjellige potetgullposa. Oh, America... 

Siden skulen er så sjukt crowded så har dei security som passer på alle som går i gangane og ved parkeringsplassen. Det kleinaste eg gjor idag var å gå rundt i refleksvest i gangen når eg skulle på do i en time. Detta er da for å vise security at eg ikkje skulker det skjønner eg, MEN dei kunna ha valgt et anna accessorie.
Eg gleder meg til skulen imorra. Skal skifte noken fag though, for eg har spansk med en heil gjeng 9.klassinga, luls.

BTW! Vi var på JambaJuice før idag og eg møtte Bella Thorne fra "Shake it up" på Disney. Ikkje at eg er big fan eller noke, men det er jo litt gøy. Første dag i LA og møtt en "kjendis" allered, wooho. Ikkje det finaste bilde av meg, menmen.. dokke har sett verre hoho.




Avreise!

Da har eg endelig komt i mål, og no har eg fått flybilettane. Eg reiser om to daga, den 15. August. Flyet går fra Bergen til Frankfurt, og så videre til LA. Eg gleder meg heilt utrulig masse, det blir så gøy. Det blir veldig kjekt å møte familien og bli kjendt med mange nye menneske. Skulen har som sagt begynt (idag),  så eg har gått glipp av et par skuledaga når eg begynner, så det kan bli spennandes. Kofferten min er nesten ferdigpakka, men det er veldig vanskelig å pakke med seg kle for ett år. Det blir selfølgelig utrulig masse shopping der, så eg vurderer å ta ut mange av kleda eg har pakka. 

Flyet mitt går 06.45 fra Bergen på onsdag, så eg kjører dit i morrakveld med mamma. Det blei plutselig litt liten tid til å fikse og pakke alt som trengst, men det får gå. Eg skal ikkje klage! 

/Kjeme til å savne dokke, jenter!/

Ambassaden!

Halla.

Eg fikk heldigvis hastetime på ambassaden, så eg tok kveldsflyet til Oslo igårkveld og vart henta av en av mine beste veninner som bur på en steikje råstileg gard i Osloområdet. Ambassadetimen min var idag, og det gikk heldigvis fint.
Eg hadde forventa meg lang kø og timesvis med venting etter ka eg har lest på diverse facebook grupper, men det var det da altså ikkje. Det var éi anna jente som sto uttafor, og fem minutt etterpå var eg inne i sikkerhetskontrollen og deretter inne i intervjurommet. Det var litt kleint når eg ikkje visste kass språk dei ansatte snakka, for alle snakka forskjellig. Eg starta i sikkerhetskontrollen med å sei "Hi! So... will my bag fit in this container?" og så fikk eg som svar "Jada, det skal nok gå fint det, heeh".  

Køa inne i intervjurommet tok litt lengre tid, men hyggelige og pratsomme folk gjorde at tida gikk utrulig mykje fortare. Folka som jobba i dei forskjellige skankane var óg veldig hyggelige og imøtekommande. 
No har eg bestilt jet-pack for å få visumet fort tilbake, så det bør komme på døra fort ass. Eg vil reise... so dayum soon!

/Eg har ikkje vert uttafor slottet på drittmange år, ok? Turist må je få værra/

Visumsøknad

Heyhallåå...

Igår fylte eg ut visumsøknad (og klarte å prestere å skrive inn feil e-postadresse som eg ikkje kan passord på a.k.a ikkje bra, ka skal eg gjere?) og prøvde å bestille time. Det er heilt stappfullt med tima heilt til vi kommer ut i slutten av august så eg må til med en hastetime den 9. august. Det er stress å sende inn papir tre daga på forhånd via post når eg alltid må gjere masse ting når vi kommer til helga da ingen bryr seg og ikkje er på jobb. Når eg får komt meg ut igjen fra ambassaden og får visumet mitt godkjendt kan eg endelig senke skuldrane og ta det litt meir med ro. Eller egentlig ikkje, eg skal jo reise igjen så fort eg får tilbake visumet. Woah, tenk, det er berre rundt 10 daga til eg skal reise og eg har ikkje reisefølelsen i det heile tatt. 

/Hang in there, Anna!/

Design

Da er designet mitt ferdig. Eg liker det! Eg hadde virkelig ikkje fått til å lage design uten hjelp, så tusen takk Åse-Linn Hollevik. Du er super!

Det einaste eg ikkje får til å funke er å trykke på "kategori" og "arkiv". Det er sjukt irriterandes, men da har eg berre gjort sånn at det viser 1000 innlegg på framsida, hehe. Dritt, eg skal prøve å fikse det...

/beste venen/ 

♥ 

Vertsfamilie!

Hei!

Eg fikk nettopp en e-post om at eg har fått vertsfamilie. For en deilig følelse!
Familie bur i Northridge da, så eg skal ikkje BU i Woodland Hills. Eg skal berre gå på skule der og så bu i Northridge. Dei ligger 10 min unna kvarandre med bil, så det er ingen problem. Northridge er da en del av Los Angeles det og.



Det er ei dame som har to barn. Det er Molly på 15 år og Colin på 13! Eg skal óg bu ilag med en utvekslingsstudent fra Tyskland. Vi skal dele rom og alt det der, så det kan bli ei ny greie. Om det ikkje funker så kan eg vel berre legge meg ut i bassenget, hehe. Familien er kristne og går i kirka en gang i veka, så det er óg noke eg må venne meg til. Mora har vert "comedian-actress" og er no interiørdesigner, og på bilda ser ho veldig hyggelig ut. 

Eg tørr ikkje å legge ut noken bilder av dei enda uten å spør dei, så det får eg vente med. Dei ser veldig snille ut på bilda og det er kjempeviktig. 

EG ER KJEMPEGLAD!


KLIKKER ASS

Dei som har vert innpå bloggen min dei siste dagane har merka at designet mitt er litt stygt og virrete... det er berre eg som prøver å få til et noken lunde fint design, men det er sjukt vanskelig. Eg må fikse det skikkelig før eg reiser, så eg må få noken til å hjelpe meg.

TIL DOKKE 20 FOLKA SOM ER INNPÅ OG SER... IKKJE GI MEG OPP, DESIGNET SKAL BLI FINT TIL AVREISE! 


/ irritert er eg no/ #heks #troll #penDa

Skuleplass

Hei! 

No har eg endelig fått skuleplass i USA. Eg reiser med Explorius Select og dei finner skuleplass til eleven først og så vertsfamilie deretter. Eg er utrulig glad for å vite kor eg skal, for eg har vert veldig stressa siste månedane fordi det er så utrulig kort tid til eg faktisk skal reise. Det går nesten ikkje opp for meg...

Eg skal gå på skule i Woodland Hills som er et distrikt i Los Angeles. Det er nesten ikkje til å tru at eg skal bu i LA i et heilt år! Det ligger 10 minutt fra Calabasas, halvtime til Venice beach, grenser til Malibu og det er rundt 100.000 som bur der. Skulen eg skal gå på er El Camino Real Charter High School (hehe, langt namn), og der skal eg gå ilag med 3500 andre eleva. Skulestart er 13. August.

Explorius Select var det einaste programmet som var ledig når eg skifta organisasjon, og med dei kan en velge plass sjølv. Eg valgte først andre plassar, men dei hadde fullt på skulen i og med at eg var så utrulig sein med å søke, så da valgte eg Woodland Hills og kom inn. 

Som sagt, skulestart er 13. August. Idag er det 18 juli og om to veker er det første August (tida går såå fort) Eg veit ikkje avreisedato enda, men eg kan tenke meg at den blir rundt begynnelsen av August. I mellomtida må eg reise til Oslo for å få visum, søke stipend, få familie (check!) og pakke. 

 

 

                                                                      

 

                                                                                             LA, baby!



New York, Times Square

Hei!

Dei siste fem/seks dagane har eg vert i New York som siste stopp på USA-ferien vår. Eg kan starte med å sei at New York er heilt kjempedigg! Det einaste minuset eg kan komme på er varmen, tru det eller ei. Det har virkelig var kokvarmt her sjølv om sola ikkje har steika oss fra morning til kveld. Det er veldig fuktig luft her, så berre vi har gått litt så er man svett med en gang. På det varmaste var det 45 grader, omigad. 

Hotellet vi bur på her ligger midt i Times Square, noke som er utrulig gøy. Rommet vårt ligger i 39. etasje, så det er gøy å ta heis, heh. Eg skjønner godt koffor New York blir kalt "byen som aldri sover", for det går folk nedi gata her heile døgnet. Eller.. vi ser berre Times Square da, så det er kanskje litt meir forståelig. Grunnen til at eg veit at det går folk her nede om natta er fordi døgnet mitt har blitt snudd heilt på hodet, og det har vert i Los Angeles tidssone i 5 daga no. Eg legger meg alt ifra 2-3-4-5 og står opp 11-12-1... Men vi får masse utav dagen uansett da, egentlig! 
Anyways, hotellet er veldig kult. Alt er veldig stilig her. Vi har budd på Mariott i alle byane untatt Seattle, og det er virkelig bra, fine og store hotell som eg anbefaler. 

Vi shoppa veldig masse her óg, sjølv om kofferten min er stappfull. Det ligger eit svært forever21 på times square rett på andre sida av hotellet med 4 svære etasja så der var vi lenge. Vi var og på Soho for å shoppe og litt innom her og der andre plassa. 

I morra skal vi heim igjen til Norge, og det blir en veldig lang "dag". Vi skal stå opp her i NY klokka ti, sjekke ut til tolv, finne på ting i Times Square fram til seks om kvelden, så ta fly fra NY halv ni, så stoppe på Reikjavik etter 5-6 tima, vente på Reikjavik i to tima, så ta fly tilbake til Norge der klokka er seks om morningen pga tidsforskjella, så kjøre heim i tre tima og vere heime med huset klokka tolv på "morningen". Kanskje det var vanskelig å skjønne eller unødvendig informasjon, men la gå.

Det er  mykje meir å fortelle om NY og ka vi har gjort, men det blir eit alt for langt innlegg og kjedlig å høre om frihetsgudinna, central park og slikttt, men det var gøy. Eg kan heller legge ved noken bilder. 






 
Diggaste skaterboy'en eg har sett på lenge i alle fall...

NEW YORK ER HERLIG, OG EG SKAL TILBAKE OM BERRE EN MÅNED ELLER NOKE RUNDT DER PÅ SOFLANDING-CAMP. CAN'T WAIT! Og alle som skal det samme, GLED DOKKE! Trur nesten eg må flytte hit en gang, jiha. 

Wooah, takk for meg. 


 

 

 

Lets go to the beach-each

Idag var vi på stranda. Vi tok bussen til Santa Monica (der Hannah Montana the movie er spilt inn woopwoop), og så gikk vi videre bortover stranda til Venice Beach. Strandområdet der er heilt utrulig fint, wooow. Vi bada og slapte av, og så gikk eg, Rebekka og mamma til butikkområdet på Venicebeach som var gøy å sjå. Det var stappfullt med folk (sikker fordi alle har fri 4.juli), og det var mange forskjellige typer mennesker der, haha. 

Vi skulle egentlig gå tilbake til Santa Monica for å sjå på fyrferkeri, men det hadde blitt en alt for lang dag på stranda for å vente til seint på kvelden. No sitter eg på rommet og ser på fyrverkeri fra vindua (eller det som er mulig å sjå mellom skyskraperane..). 

I morra drar vi til New York!





Hollywood

Igår var vi i Hollywood heile dagen, og det var veldig masse å sjå. Det var utrulig masse folk der, og mange som kledde seg ut. 

Vi tok en tour som varte i to tima, der vi berre kjørte rundt og såg husa til mange kjendisa i Beverly Hills, kjente bygninga og generelt Los Angeles. Det var veldig gøy! Vi stoppa og snakka med en «kjendis», men eg aner ikkje kem han er. 

Vi var innom ?Madame Tussaud? heilt kjapt, noke som var kult og. 

 

Justin Bieber


Michael Jackson


Dont know who dat guy is


En som prøver å vise fram sine modellegenskaper midt i gata.

 


Universal Studios

I går var vi i Universal Studios Hollywood. Det er en veldig populær plass å vere så det var folk over alt heile tida noke som resulterte til lange køa som på det verste varte i en time. Det var ingen berg-og-dalbaner, men attraksjonane var litt meir som «simulatorar» eller noke sånt. Så var vi på Studio Tour der vi fikk sjå plassa forskjellige filma og seria har blitt/blir spilt inn. 

 

Vi var óg på forskjellige show. Spesialeffekta, vannshow og «animal actors». Vi var i parken i !10 tima!, men tida gikk fortare med dei forskjellige show?a og dei forskjellige tinga å gjere. 

 

Universal Studios er en ganske annerledes park enn vanlige fornøyelsesparka eg har vert i pga det ikkje var «vanlige» karusellar der. Los Angeles har jo Disneyland og Six Flags óg som eg kunne tenkt meg å besøke, men dei har vi ikkje tid til... 


Wisteria Lane




Los Angeles

Idag landa vi i Los Angeles etter en to-timers flytur. Hotellet vi bur på er veldig fint og skikkelig og ligger midt i Downtown LA. Hotellet har fin utsikt og eg liker det veldig godt! Idag har vi ikkje gjort noke serlig anna enn å gå i gatene og sjå, bade i badebassenget som er omringa av skyskrapere, slappe av og berre "settle down". I morra, derimot, blir en litt meir hektisk dag da vi skal i Universal Studios klokka ti om morningen og dra rett til Hollywood boulevard etter klokka sju om kvelden. Lite tid til å slappe av på, men det gjer ingenting for meg. Los Angeles er kjempefint og eg vil bruke tida så godt som mulig. 

Vi skal óg "feire" 4. juli her i LA, siden vi ikkje reiser til New York før den 5. Det kan bli gøy å sjååå. 

Seattle

Etter at vi drog fra Boise var familien min i Seattle i 6 dagar, og der hadde det veldig kjekt! Vi har slekt der som ingen av oss har møtt før, men når vi møtte dei var det som om vi hadde kjent kvarandre lenge. Dei var utrulig hygglige og gjestfrie, og eg såg mange likheter mellom slekta vår i Norge og dei noke som var veldig gøy.

Hotellet vi budde på låg veldig sentralt, og vi hadde utsikt rett ut til Space Needle fra hotellrommet og gåavstand fra alle dei kjekke tinga. Bestevenninda mi og hennas familie skulle dit tilfeldigvis på akkurat samme tid, så vi hadde to dagar ilag med dei. Vi besøkte Space Needle, EMP (musikkmuseum som var veldig stilig), kjøpesenter og ikkje minst en heilt utrulig livlig sightseeing tour. Sightseeing'a var da i en buss/båt som hadde høg musikk og "morsom" guide. Det var veldig barnslig og annerledes, men ganske kjekt. 

En av dagane var vi óg på en baseballkamp for å sjå Seattle Mariners spille. Det var veldig gøy å vere med å sjå på siden det er noke eg aldri har gjort før. Stor stadium, masse folk, usunn amerikansk mat over alt, storskjerm med film av publikum og heile pakka. 



Rafting

Så vi var på rafting i ei stor elv... og det var BIGTIMEFUNTIME

Når vi kom dit så var det ikkje akkurat  sånn som eg hadde sett for meg. Det var en heil gjeng college-folk der som minte meg og Rebekka om American-Pie folk og guidane var unge og livlige. Når vi kjørte i bussen til elva med høg musikk følte eg virkelig at eg var i en eller anna skrekkfilm der vi og en heil gjeng college-folk skulle på rafting i fjellområdet og kom til å bli offer for ett eller anna crazy. Det skjedde jo selfølgelig ikkje og vi hadde det såå gøy!

 

Boise

Vi kom fram til Boise på onsdagskveld, noke som hadde vert klokka åtte om morningen heime i Norge, så eg var virkelig sjukt trøtt. Vi hadde reist i 24 tima, wow. Det var kjempegøy å sjå Rebekka igjen, og vi har gjort masse kjekt allerede. Det er rundt 30+ grader her så det er nesten som å vere i syden når det gjelder varmen!

Det har vert full rulle kver dag, men det gjer ingenting for min del. Vi var i badeland på torsdag noke som var veldig kjekt og koslig den første dagen familien var samla. Igår viste Rebekka oss litt rundt om i Boise på kjøpesenter og sentrum, og det er en kjempefin og stor by! Vi var óg på drive-in-movie igår kveld noke som var veldig annerledes og gøy å oppleve. Masse bila, stor skjerm og oss sittande uttafor bilen i campingstola eller i bagasjerommet. 

Fram til no så er USA greaaat, og eg kjeder meg ikkje ett sekund. No skal vi faktisk rafte.


 

Familieferie i USA

Søstra mi, Rebekka, har vert på utveksling i USA detta skuleåret så i morra skal vi reise ned å "hente" ho der. Etter at vi har plukka ho opp i Boise, så skal vi reise litt rundt i landet og kose oss i tre veker. Vi skal innom Seattle for å besøke slekt, Los Angeles og New York. Eg har ikkje fått den "reisefølelsen" enda, men den kjeme nok i morra når vi har komt oss til flyplassen! Det blir heile 14 tima i fly i første flyrunde, så det blir en lang tur. Eg trur det lengste eg har sitte i fly i før er 5 tima, men ikkje meir enn det... så eg gruer meg til akkurat den delen. Utenom flyturen så kjeme detta til å bli tidenes sommerferie!

Eg har ikkje akkurat plana om å blogge kvar dag der, men kanskje det dukka opp et innlegg en dag eller to om eg får tid. 

Eg har tatt bildet sjæl lixm

Ny søknad

Yoyoyo, dei siste to vekene har vert ganske hektisk og forvirrande.

Onsdag for noken veke sida fikk eg en telefon fra STS om at eg hadde fått vertsfamilie. Eg var veldig gira og glad da eg fikk vite det, men etter kvert blei eg meir og meir usikker. Den lite folkerike plassen på 1500 folk eg skulle bu på heiter Yoder i staten Colorado og ligger 1800m over havet. Skulen har 57 elevar fra klassane 06-12, og det skulle vere 7 persona som var like gamle som meg. Eg var mildt sagt utrulig skuffa, og eg visste ikkje heilt ka eg skulle gjere. Familien virka jo så hyggelig, men plassen var ikkje noke for meg...

Eg ringte til STS og forklarte situasjonen, og eg prøvde å få bytta famile uten hell. Dei eg og mamma snakka med meinte vi hadde dårlige holdningar og at det ikkje var mulig å bytte. 

Så eg bestemte meg for å avslutte programmet med STS og skifte til organisasjonen Explorius Select. Med dei kan eg velge kor eg vil for en litt dyrare penge. Eg har valgt meg ut California. Det er selfølgelig ikkje sikkert eg kjem dit, men med Explorius Select så er det meininga at ein skal komme dit ein vil. Det har vert ganske hektisk denna veka med å fylle ut en heilt ny søknad med anbefaling fra lærer, legeskjema, vaksineskjema, intervju og masse utfyllingspapir, men no er eg endelig ferdig og eg føler meg ganske dreven på denna søknadsgreia.




Ventetid

Eg fikk vite for noken veker sida at eg fikk 66/67 poeng rett på SLEP-testen - noke eg er svært fornøgd med! Etter den tid har det vore veldig stille rundt alt som heile utveksling, og no er det berre å vente til den dagen eg får vertsfamilie.

Eg er medlem i forskjellige grupper på Facebook, der ein diskuterer og spør om egentlig alt mulig rundt utveksling, og det som gjer meg litt utolmodig og stressa er at det popper opp nye poster og innlegg om kor folk skal bu, kem dei bur med og kass skule dei skal gå på omtrent kvar dag. Eg må nesten berre ta det med et smil og tenke at det er bedre å vente litt lenger om det betyr at familien passer meg bedre. 


 

Eg tar de is'i hehehehehe ...

Om meg

Eg heiter Anna Hjelle og eg er utvekslingsstudent i Los Angeles, USA skuleåret 2012/2013. Heime i Norge bur eg i Førde som er en liten by iforhold til LA, så det er en stor forandring.  

På fritida spiller eg volleyball og skal prøve å fortsette med denna sporten når eg er i statane. Det blir isåfall via skulen som er El Camino Real Charter High School A.K.A Elco der det går 3500 elevar. 

Kult om du følge bloggen min dao.

USA 2012-2013

Detta er en blogg der eg skal skrive om året mitt som utvekslingsstudent i USA året 2012-2013.

Har ikkje sendt inn den skikkelige søknaden enda, men skal gjere det iløpet av jula. Er en veel 40 sider eller noke i den dur som skal fyllast ut og skrivast under på - pluss at eg må skrive ett langt brev om meg sjølv. Har gjort nesten alt ferdig no, mangler berre legeskjema, læreranbefaling og noke karaktergreier. 

Tar sikkert ei god stund før eg får vite meir om vertsfamilie, plassering og alt det der, så blir så og sei ingen innlegg i nærast framtid. Håper på å få vite det om ikkje alt for lenge, og at eg ikkje blir en av dei som sitter nervøse og spente heilt fram til sommerferien.

Snakkast når eg har fått vite noke meir interessant! 


 











Eg heiter Anna og er utvekslingsstudent i Los Angeles, USA skuleåret 2012/2013. Eg kommer til å skrive om tankar og hendelsar som er igjennom året. Organisasjonen eg reiser med er Explorius Select.



arkiv 2010/2011


Mars 2011 · Februar 2011 · Januar 2011 · Desember 2010 · November 2010 · August 2010


kategorier & innhold


Søknadsprosess · Ventetid · Ferie · Om Meg · Vertsfamilie · Blogg





·················································
hits